Pål Andre Grimstad (@pagriwo) 's Twitter Profile
Pål Andre Grimstad

@pagriwo

Alltid open for ein backhand hyzerflip. Også glad i MGP/MDG. Ein jævel på familieselskap.

ID: 332721031

calendar_today10-07-2011 09:16:23

7,7K Tweet

583 Followers

804 Following

Pål Andre Grimstad (@pagriwo) 's Twitter Profile Photo

Ukraina har det tungt for tida ass. Dei har mista alle gode låtskrivarar, kamerafilter, vokalistar og scenografar. Dette innslaget er faktisk laga av KOLS- og giktramma 8-åringar med stær. Og det merkast jo. #eurovision #ukr

Pål Andre Grimstad (@pagriwo) 's Twitter Profile Photo

Ah! Britane vel altså å gjennomføre det (for dei) stort sett ukjente Eurovision-grepet det er å sende vokalistar som altså KAN å synge. Neste år kan det hende dei klarar å kombinere det med å også sende ei god låt. Tydelegvis hekkans vanskeleg å treffe på begge! #eurovision #gbr

Pål Andre Grimstad (@pagriwo) 's Twitter Profile Photo

Det er jo interessant at austerrikarane, i det vokalisten framviser panserfalsetten frå helvete, vel å erigere både master og fyrtårn i bakgrunnen. Det er sikkert ein fragile masculinity-vits her, men eg kjenner at eg berre ikkje orkar. [Sett inn din penisvits her]. #eurovision

Pål Andre Grimstad (@pagriwo) 's Twitter Profile Photo

Jedward, Marcus og Martinus, Kjartan Lauritzen, Staysman ELLER Plumbo var konseptvalget, Island. Ikkje OG. Velg eitt konsept og stå for det! MAKE UP YOUR MIND!! #eurovision #isl

Pål Andre Grimstad (@pagriwo) 's Twitter Profile Photo

Eg må vedgå at eg aldri har sett konseptet Sexy Brennmanet i Eurovision før, men kreativiteten tek jo dessverre aldri slutt. Latvia har heller ikkje fått beskjeden om at éin dårleg vokalist ikkje vert fiksa med FEM LIKE RÆVA VOKALISTAR TIL, men kanskje dei lærer i år? #eurovision

Pål Andre Grimstad (@pagriwo) 's Twitter Profile Photo

Dette er tydelegvis noko av det beste Nederland har, iaf noko av det mest populære om ein skal tru omtala. Eg lurar på om han her snakkar med dyr, er ein ræsar på hekling eller kan resitere episke sagaar uttaboks. For det er ikkje stemma som har fiksa biffen. #eurovision #ned

Pål Andre Grimstad (@pagriwo) 's Twitter Profile Photo

Nei, veit du kva. Eg aksepterar det ikkje. Det er ei fallitterklæring til heile konkurransen, dette her. Vi KAN ikkje ha det sånn at den største kløfta i heile Eurovisionsirkuset kjem frå FINLAND?! Kva er det neste, at Sverige har størst saunafaktor? #frampeik #eurovision #fin

Pål Andre Grimstad (@pagriwo) 's Twitter Profile Photo

Klassegrep av Italia å tekste innslaget sitt. Her skal ALLE få det klart for seg at teksta er skriven i fellesskap av (for anledninga) umedisinerte innlagde på lukka avdelingar i Lombardiaregionen. #eurovision #ita

Pål Andre Grimstad (@pagriwo) 's Twitter Profile Photo

Dette er jo ikkje bidraget til Polen. Dette må vere Aserbadsjan sitt. Eller Armenia, Kypros eller Hellas. Men for all del. Eg skjønar godt at Polen spelar på lite klede og mykje mystikk - det skal mykje dekor til for å drage lasset med ei så intetsigane stemme. #eurovision #pol

Pål Andre Grimstad (@pagriwo) 's Twitter Profile Photo

Tysk eurodisco PÅ TYSK?! Herlighet, dette er jo klasse. Blir eitpar hjarteinfarkt på sensitive klassiskutdanna cellistar på kontinentet, men det kan vi jo alltids leve med. Dette er jo det berre å nyte! #eurovision #ger

Pål Andre Grimstad (@pagriwo) 's Twitter Profile Photo

"Okei, folkens - årets bidrag. Morsmål, flammer, mystikk, etnisk dunk og inderlig tettsitjande tekstil. Det funkar alltid. Noko meir?" "Kva med eit FULLSTENDIG unødvendig kjoleskift 3 sek før slutt?" "…veit du Yiannis, dette er kvifor du jobbar her i kringkastinga. Bravo." #gre

Pål Andre Grimstad (@pagriwo) 's Twitter Profile Photo

Her ser vi jo konsekvensen av at Armenia ikkje fått lansert Dusj™ enno, men har ingen fortalt han grekaren på avvege at Sveits har hatt dusj i opptil fleire år? Eg er for øvrig heilt trygg på at han her luktar slik han ser ut, og at eg kan lukte eimen heilt hit. #eurovision #arm

Pål Andre Grimstad (@pagriwo) 's Twitter Profile Photo

ARGH, dei kan jo fransk oppe i sveitserfjella der! Ein urettferdig fordel i dette sirkuset her. For eit lurendreieri! Slikt et taskenspilleri! Ei fjong finte frå sida! Men fin låt då 12 poeng greitt det skal få såpass #eurovision #sui

Pål Andre Grimstad (@pagriwo) 's Twitter Profile Photo

"Nei nei nei nei, det er FOR LITE KLEDE her! Få noko meir tekstil. NUH!" "…er det viktig for deg KVAR det tekstilet er plasse-" "Kom deg ut og fiks det her!" …og sånn vart altså alt tyllet plassert rundt skuldrane på dansarane. Passivaggresivitet er eit sterkt medium! #mlt

Pål Andre Grimstad (@pagriwo) 's Twitter Profile Photo

Portugal kunne like gjerne sendt fem tova tjukkelestar med pålimte ClipArt-kassegitarar. Hadde ikkje gjort det spor forskjell. Eg kjenner karismaen i romet og fargen i veggane her bli SUGD inn i TV-en. #eurovision #por

Pål Andre Grimstad (@pagriwo) 's Twitter Profile Photo

Veldig multikulturelt og inkluderande dansk innslag i år! Færøyisk vokalist, og låt, innpakning, dekor, fargevalg og vokalprakt som er skamlaust stjelt frå… tja, cirka samtlige australske bidrag sidan debuten deira i 2015. #eurovision #den

Pål Andre Grimstad (@pagriwo) 's Twitter Profile Photo

Altså. Sverige sender ALLTID kvalitet. Alltid noko som står seg godt i ettertid. Då må eg stole på at dette også er kvalitet, basert på tidlegare erfaringar. Alternativet er at eg må reflektere over om Sverige også kan sende ræl til Eurovision, og det er eg ikkje klar for. #swe

Pål Andre Grimstad (@pagriwo) 's Twitter Profile Photo

Dette er fasit når du ikkje lukkar døra, men heller SLEPP INN den lumske representanten frå Felleskjøpet som har "eit spennande forslag til samarbeid", og du heller ikkje luktar lunta når han, på spørsmål om scenedekor-idear, berre svarar "du, vi ordnar det vi". #eurovision

Pål Andre Grimstad (@pagriwo) 's Twitter Profile Photo

Eg veit på ekte ikkje om eg vert mest nervøs av sjølve låta til San Marino, dei uncanny valley-buande folka på scena eller den KI-genererte Davidfiguren som viser heilt korrekt nivå av misnøye med heile opplegget han er med på. #eurovision #smr

Pål Andre Grimstad (@pagriwo) 's Twitter Profile Photo

Det er tunge tider i tv-bransjen i Tirana når kostymet er samanraska av tilfeldige stoffrestar dei fann ("Så lenge det er raudt så går det!") og dei har skaffa den lokale Bjørn Sundquisten til å åpent kritisere innslaget medan det skjer og dunke litt på ei kasse innimellom. #alb