Fylkesmannen i Sogn og Fjordane (@fylkesmannensfj) 's Twitter Profile
Fylkesmannen i Sogn og Fjordane

@fylkesmannensfj

Fylkesmannen er staten sin representant i fylket, og har ansvar for å følgje opp vedtak, mål og retningslinjer frå Stortinget og Regjeringa.

ID: 96732356

linkhttp://www.fylkesmannen.no/sfj calendar_today14-12-2009 09:53:18

2,2K Tweet

1,1K Takipçi

404 Takip Edilen

Fylkesmannen i Sogn og Fjordane (@fylkesmannensfj) 's Twitter Profile Photo

Saman med Universitetet i Bergen har vi vore med og utvikla eit innføringskurs i forvaltningsrett berekna for tilsette i kommunane. Dette er ein pilot som er eksklusiv for kommunane i Sogn og Fjordane. Fristen for å nominere søkjarar er 2. november. fylkesmannen.no/Sogn-og-Fjorda…

Saman med <a href="/UiB/">Universitetet i Bergen</a> har vi vore med og utvikla eit innføringskurs i forvaltningsrett berekna for tilsette i kommunane. Dette er ein pilot som er eksklusiv for kommunane i Sogn og Fjordane. Fristen for å nominere søkjarar er 2. november. fylkesmannen.no/Sogn-og-Fjorda…
Fylkesmannen i Sogn og Fjordane (@fylkesmannensfj) 's Twitter Profile Photo

Frå og med i dag kan ein kjøpe jodtablettar reseptfritt på apoteket. Desse tablettane er ein viktig del av eigenberedskapen, og står på DSB si liste over kva som er tilrådd å ha i heimen. fylkesmannen.no/Sogn-og-Fjorda…

Fylkesmannen i Sogn og Fjordane (@fylkesmannensfj) 's Twitter Profile Photo

Snart lyser Bufdir ut den nasjonale tilskotsordninga for inkludering av barn i låginntektsfamiliar. Målet er å motverke og dempe konsekvensane av fattigdom blant barn og unge. Offentlege instansar, private aktørar og frivillige organisasjonar kan søkje. fylkesmannen.no/Sogn-og-Fjorda…

Fylkesmannen i Sogn og Fjordane (@fylkesmannensfj) 's Twitter Profile Photo

Kommunar og regionale beredskapsaktørar var samla på Skei tidlegare denne veka, då vi arrangerte konferanse om øvingar, IKT-tryggleik og atomberedskap. (Foto: Mari Severinsen/Fylkesmannen) fylkesmannen.no/Sogn-og-Fjorda…

Vi søkjer etter jurist med erfaring frå eller interesse for plan- og bygningsrett. Søknadsfrist er 19. november. Les meir om stillinga her: jobbnorge.no/nn-no/ledige-s…

Fylkesmannen i Sogn og Fjordane (@fylkesmannensfj) 's Twitter Profile Photo

Vi har sendt eit framlegg om oppretting av Kvist naturreservat i Balestrand kommune på høyring. Høyringsfristen er 15. januar 2019. (Foto: Tom Dybwad) fylkesmannen.no/Sogn-og-Fjorda…

– Det har alltid vore slik at god økonomisk planlegging over tid løner seg, medan det er krevjande å rydde opp i raude rekneskapstal etter feilslått planlegging, skriv seniorrådgjevar Kåre Træen på Fylkesmannsbloggen. Les heile innlegget her: fylkesmannen.no/Sogn-og-Fjorda…

I dag er siste frist for å søkje på årsvikariatet som jurist hjå oss! Har du erfaring frå eller engasjement for plan- og bygningsrett? Då høyrer vi gjerne frå deg! jobbnorge.no/nn-no/ledige-s…

Fylkesmannen i Sogn og Fjordane (@fylkesmannensfj) 's Twitter Profile Photo

Mellom 21. desember og 7. januar vil ikkje verjemålseininga vår kunne behandle søknader. Vi ber difor om at søknader og saker som ikkje kan vente til januar 2019, blir sendt så snart som råd, og helst innan 3. desember. fylkesmannen.no/Sogn-og-Fjorda…

Fylkesmannen i Sogn og Fjordane (@fylkesmannensfj) 's Twitter Profile Photo

Miljødirektoratet og Handelens miljøfond skal dele ut pengar til lag, organisasjonar, bedrifter og andre som vil rydde opp i marin forsøpling. fylkesmannen.no/Sogn-og-Fjorda…

Fylkesmannen i Sogn og Fjordane (@fylkesmannensfj) 's Twitter Profile Photo

– Teieplikt skal ikkje vera eit hinder for at born og andre får gode tenester, skriv fungerande fylkesmann Gunnar O. Hæreid på Fylkesmannsbloggen. Her kan du lese heile innlegget hans om kor viktig det er at teieplikta vert nytta rett og med vit. fylkesmannen.no/Sogn-og-Fjorda…

Fylkesmannen i Sogn og Fjordane (@fylkesmannensfj) 's Twitter Profile Photo

Kommunal- og moderniseringsdepartementet har vedtatt at grensa mellom Balestrand og Høyanger skal justerast slik at Nesse grunnkrins blir flytta til Høyanger kommune. fylkesmannen.no/Sogn-og-Fjorda…

Fylkesmannen i Sogn og Fjordane (@fylkesmannensfj) 's Twitter Profile Photo

Høyanger kommune har godkjent justert søknad om bygging av nytt bustadhus på Søreide. Fylkesmannen har ikkje innvendingar til dette. fylkesmannen.no/Sogn-og-Fjorda…

Fylkesmannen i Sogn og Fjordane (@fylkesmannensfj) 's Twitter Profile Photo

Fylkesmannen har sett av 5,5 mill. kroner av skjønnsmidlane for 2019 til fornying og innovasjon i offentleg sektor. fylkesmannen.no/Sogn-og-Fjorda…

Fylkesmannen i Sogn og Fjordane (@fylkesmannensfj) 's Twitter Profile Photo

Regjeringa vedtok i statsråd 14.12.2018 å opprette Tingastad naturreservat i Sogndal kommune. Vernet skjer etter prosedyren for frivillig vern av skog, og regjeringa verna same dag totalt 40 nye skogområde i åtte fylke. (Foto: Tom Dybwad.) fylkesmannen.no/Sogn-og-Fjorda…

Vi takkar for oss i eit siste innlegg på Fylkesmannsbloggen, skrive av fungerande fylkesmann Gunnar O. Hæreid. Til nyttår går fylkesmannsembetet i Sogn og Fjordane over i historia etter 255 år, og vi vert ein del av Fylkesmannen i Vestland. fylkesmannen.no/Sogn-og-Fjorda…